I FireFox brukar eg Firebug til feilsøking på HTML og CSS, men i safari har eg endeleg funne eit godt alternativ. Og det ligg integrert i Safari – verkeleg ein skjult skatt!
For å aktivere Safari webinspektør gjer du følgjande:
- Lukk Safari
- Start Terminal
- Skriv følgjande kode:
defaults write com.apple.Safari IncludeDebugMenu 1
- Start Safari
- Høgreklikk eit element på ei nettside og velg «Inspiser element»
Skulle ynskje Internet Explorer hadde like gode feilsøkingsverktøy, det er jo der ein verkeleg treng dei!